Eg kjøpte strikkegarn i Stockholm i fjor haust som skulle verta noko til meg sjølv. Garnet heiter BC Alpaca Flamè og består av 59 % alpaca, 19% ull, 15% acryl og 7 % polyamid.
Garnet er eit effektgarn med varierande tjukkleik og tvinn. Dette gir eit litt ujamnt strikk,
ser nesten ut som mønsterstrikk.
300 gram skulle vera rikeleg til eit plagg til meg. Dette synest eg høyrde lite ut,
så eg valde å starta ved halsen, strikke raglanarmar og så bolen til slutt.
Ønske var å få ein "oversized" tunikagensar med 3/4 lange armar, og det fekk eg.
Veg berre 215 gram og då er den stor og god.
Har også vaska genseren, som alt er brukt mange gonger. Synes at den vart heller større
enn mindre i vask. Så no vaskar eg den på ullvask og 30 gr i maskina.
Genseren er lun og god i bruk, litt gjennomsiktig så eg må nok ha ein topp under.
Har også strikka eit par labbar til eit barnebarn, han fekk sjølv velge garn frå "lageret" mitt.
Labbane er strikka i Lanagrossa Meilenweit. og veg 51 gr i skostr 35. Eit drygt og godt garn.
Fargen på bilete er ikkje heilt rett, dei er meir grå med turkise striper.